David
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David er eit namn som kjem frå hebraisk דָּוִד (Dávid), truleg frå dód som tyder elska. Namnet finst òg på arabisk som داود (Dāʾūd). Det kan vera både førenamn, etternamn og stadnamn.
Namnet er blitt populært på grunn av kong David, ein konge av Israel som er mykje omtala i Bibelen. Det er mellom anna svært mykje brukt i USA, der det var det andre mest gjevne gutenamnet mellom 1960 og -69.
David har svensk namnedag den 25. juni.
Innhaldsliste |
[endre] Variantar
Namnet finst i mange variantar på ulike språk.
Blant jødar kan det mellom bli transkribert som Dovid eller omforma til Dudel. Blant muslimar kan namnet transkriberast til dømes som Dawud, Daud eller Daoud.
På velsk er det Dafydd eller Dewey, med Dai og Taffy som kortformer. Patronymet Davis er eit svært vanleg velsk slektsnamn som viser at mange walisarar heitte David då etternamn ble innførde.
På skotsk gælisk blir namnet skrive Dáibidh eller Daividh og på irsk Daithí.
På engelsk har namnet fleire kortformer, mellpm anna Dave og Davy. Dawson er eit patronymisk etternamn.
Namnet finst som Davi på portugisisk, Davide på italiensk og Dawid på polsk.
Finsk har Taavetti, med Taavi som kortform.
Det er sjeldan omforma og brukt som kvinnenamn, men finst som Davida, Davina og Davinia.
[endre] Bruk
[endre] David som førenamn
[endre] Kongelege
- David I av Israel, bibelsk konge av Israel
- Den heilage David, skytshelgena til Wales
- Kong David I av Skottland
- Kong David II av Skottland
- David I av Georgia
- David II av Georgia
- David III av Georgia
- David IV av Georgia
- David V av Georgia
- David VI av Georgia
- David VII av Georgia
- David ap Gruffydd, konge av Wales
- David ap Llywelyn, konge av Wales
- David I eller Dawit I, herskar over Etiopia
- David II eller Dawit II, herskar over Etiopia
- David III eller Dawit III, herskar over Etiopia
- David (Da'ud) Dawud av Seldsjukkriket, ein herskar over Seldsjukk-tyrkarane på 1100-talet
- David av Taman, Khazar ein herskar på 900-talet
[endre] Andre
- David Lloyd George, britisk politikar
- David Hume, britisk filosof
- David Koresh, leiar for Branch Davidians
- David Livingstone, britisk utforskar
- David Hasselhoff, amerikansk skodespelar
- David var eit namn Josef Stalin brukte som dekknamn
[endre] Etternamn og slektsnamn
- Albert David, marineoffiser i Sambandsstatane
- Félicien David
- Ferdinand David
- Gerard David, kunstmålar innan nederlandsk renessanse
- Hérmine David
- Jacques-Louis David, kunstmålar innan fransk nyklassisisme
- Johann Nepomuk David
- Larry David, amerikansk skodespelar og forfattar
- Peter David, amerikansk forfattar
[endre] Stader
- David i Panama
- David City i Nebraska
- St. David i Arizona
- St. David i Illinois
- St David's i Wales
- King David Hotel i Jerusalem.
[endre] Kunst
- David, ein skulptur av Michelangelo Buonarroti
- David, ein skulptur av Donatello (Donato di Niccolò di Betto Bardi)
- Berninis David, ein skulptur av Gian Lorenzo Bernini
[endre] Sjå òg
- Davidstjerna
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for David hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for David på behindthename.com