Chad Hedrick
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chad Hedrick (f. 17. april 1977) er ein amerikansk skeiseløpar frå Texas som vann femti verdsmeisterskap på rulleskeiser før han bytte til skeiseløp på is. Sidan rulleskeiser ikkje var ei OL-grein, ville han freiste å vinne olympisk gull før han la opp idrettskarriera, og klarte det med å vinne gull på 5 000 meter under Torino-leikane i 2006. Han vann óg sølv på 10 000 og bronse på 1 500 meter under Torino-leikane.
Hedrick har óg vunne eitt gull i VM allround, og to gull i VM enkeltdistansar.