Caymanøyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Status | Britisk oversjøisk territorium | ||||
Guvernør | Stuart Jack | ||||
Hovudstad | George Town | ||||
Offisielt språk | Engelsk | ||||
Areal - % vatn |
260 km² 1,6 % |
||||
Folketal - totalt |
ca. 45 000 (2005) |
||||
verdsdel | Sør-Amerika (Karibia) | ||||
Internet-domene | .ky | ||||
Tidssone | UTC -5 | ||||
Internasjonal telefonkode | +1-345 | ||||
Nasjonalsang | God Save The Queen |
Caymanøyane, engelsk Cayman Islands, er ei øygruppe i Karibia, som utgjer eit britisk oversjøisk territorium. Øyane ligg omlag 240 km sør for Cuba og 290 km nordvest for Jamaica. Øygruppa består av øyane Grand Cayman, Cayman Brac og Little Cayman. Første europear på øyane var Christopher Columbus i 1503. Frå 1670 til 1962 var dei ein del av den britiske kolonien Jamaica. Då Jamaica vart sjølvstendig i 1962 vart Caymanøyane skilde ut og gjort til eit britisk oversjøisk territorium. Øyane er no kjende som eit internasjonalt finanssentrum og skatteparadis.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |