Bygdaposten for Hjelmeland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygdaposten for Hjelmeland er ei lokalavis som kjem ut i Hjelmeland i Rogaland fylke. Avisa kom ut første gong i 1973 under navnet «Bygdaposten?». Spørjeteiknet i tittelen var tilsikta - folk i Hjelmeland fekk høve til å koma med andre forslag, men namnet vart Bygdaposten.
Avisa er eigd av Hjelmeland kommune (49%), Suldalsposten (20%), Strandbuen (13,3%), øvrige (17,7%).
Stadfest nettoopplag er 2 125 (2005).
Ansvarleg redaktør er Dag Anton Boge. Opplaget i 2004 var 2030 eksemplar. Bygdaposten vart fødd i 1973, etter at dei fire privatpersonane Arne Kleppa, Jon Olav Sigmundstad, Chr. Nedland og Rolf Aarsand med kommunal velsigning gav ut eit lokalblad for Hjelmeland. I startåret 1973 vart det laga tre utgåver på dugnad av dei fire initiativtakarane, og hjelmelandsbuen tok godt i mot det nye tilbodet. Året etter gjekk kommunestyret inn for å gi ut avisa på fast basis - med ti utgåver i året. Det kravde at ein måtte ha løna folk til å laga avisa, og Erik Fossåskaret vart Bygdaposten sin første redaktør i 1974. Mr. Bygdaposten - Ståle Eggebø - er med 11 års fartstid den som har vore lengst i redaktørstolen.
Sidan oppstarten har Bygdaposten utvikla seg frå ti utgåver i året til å koma ut kvar tredje veke - seinare annakvar veke - og i dag kjem avisa ut kvar fredag. Bemanninga har utvikla seg frå ein deltidstilsett redaktør i starten til 3,5 stillingar i dag. Avisa, som lenge var eigd og vart utgitt av Hjelmeland kommune, er i dag eige aksjeselskap.
[endre] Avisa sine ansvarlege redaktørar 1974-
- Magnar Riveland 2005-
- Kåre Lunde 1999-2005
- Gaute Henriksen 1996-1999
- Berit Bryne 1994-1996
- Harald Sel 1993-1994
- Njål Tjeltveit 1992-1993
- Ståle Eggebø 1981-1992
- Elise Seip Tønnesen 1980-1981
- Unn Ribe 1977-1980
- Eva Røyrane 1976-1977
- Erik Fossåskaret 1974-1976
[endre] Ekstern lenkje
Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over mediespirer. |