Bjørn Aamodt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Aamodt (fødd 24. februar 1944 i Asker, død 29. april 2006 i Oslo) var ein norsk lyrikar.
Han arbeidde som sjømann, metallarbeidar og sosialarbeidar. Den fyrste boka hans var diktsamlinga Tilegnet som kom i 1973. Han brukte i fleire av diktsamlingane erfaringar og vokabular frå sjømannslivet og arbeidet som kranførar, og dikta høyrer med blant høgdepunkta i moderne arbeidarlyrikk. I samlingane Stå, ABC og Atom brukte han andre motivkretsar.
[endre] Prisar og utmerkingar
- 2003 - Doblougprisen
- 1997 - Halldis Moren Vesaas-prisen
- 1997 - Gyldendalprisen
- 1995 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris
- 1994 - Gyldendals legat
[endre] Diktsamlingar
- 2004 Arbeidsstykker og atten tauverk (Gyldendal, Oslo)
- 2002 Atom (Gyldendal, Oslo)
- 1997 Anchorage (Gyldendal, Oslo)
- 1994 ABC (Gyldendal, Oslo)
- 1990 Stå (Gyldendal, Oslo)
- 1980 Knuter, Mulm og andre dikt (Gyldendal, Oslo)
- 1973 Tilegnet (Gyldendal, Oslo)
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |