Bayeux
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bayeux | |
Departement | Calvados |
Region | Basse-Normandie |
Innbyggarar | 14 961 (1999) |
Folketettleik | 2104 innb./km² |
Areal | 7,11 km² |
Bayeux er ein fransk by og kommune i departementet Calvados og regionen Basse-Normandie. I området er det mykje turisme. Mange kjem til Bayeux for å sjå mellom anna Bayeuxteppet, laga til minne om normannarane si erobring av England i 1066. Teppet er utstild i eit museum i sentrum av byen. Byen har ein stor katedral i normannisk- romansk stil. Katedralen vart bygd fram mot 1077. Bayeuxteppet hang lenge i katedralen.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |