Atle Hansson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atle Hansson (fødd 9. oktober 1971, Os i Hordaland) er ein norsk illustratør og avisteiknar. Han er utdanna innan biletkunst ved Ecole des Beaux-Arts du Valais i Sveits. Sjølvlært som illustratør, har arbeidd som frilansar sidan 2001. Hansson nyttar varierte teknikkar, både manuelle (akvarell, tusj, blyant, gouache, akryl) og digitale (vektor, digitalt måleri). Illustrasjonane er ofte fargesterke, uttrykksforma varierer frå enkel og humoristisk til konseptuell eller realistisk. Han er fast bidragsytar til fleire aviser og tidsskrift, og teiknar dessutan illustrasjonar til bøker, brosjyrar, katalogar, kursmateriell m.m.
Atle Hansson bur og arbeider i Paris, Frankrike.
[endre] Bokillustrasjonar
- Markus Landrø: Skredfare - håndbok om snøskred for frikjørere (Fri Flyt, 2002)
- Erling Kagge og Leif A. Dramstad (red.): Barnas Store Sangbok (JM Stenersens Forlag, 2005) (med Torbjørn Egner, Kristin Granli, Paul René Gauguin, m.fl.)