Arquebus krigshistorisk museum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arquebus krigshistorisk museum vart stifta i 1980 medan utstilling i eigne lokale først vart åpna i 1995. Museet ligg i Førdesfjorden i Tysvær kommune, like ved europaveg 134.
Hovudtema for utstillinga er okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen 1940-1945, med vekt på handelsflåten si rolle under krigen, dei maritime krigshandlingane og dagleglivet i krigsåra, spesielt i Nord-Rogaland og Sunnhordland.
Museet er kalla opp etter kodenamnet Arquebus som motstandsmannen Sverre K. Andersen nytta medan han dreiv ein illegal radiosendar på Bjoa i Ølen kommune.
[endre] På verdsveven
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |