Andebumål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andebumål er dialekten som blir tala i Andebu kommune. Andebumålet er ein vikværsk dialekt, med typiske trekk som kløyvd infinitiv og -ær, -æne-bøying av hankjønnsord i fleirtal.
I dag er andebumålet under sterkt press frå dei større austlandsmåla rundt Oslo (via kystbyane i Vestfold), som dei fleste andre dialektane på Austlandet.
I periden frå 1900 til 1945 blei landsmål nytta av noen personar frå kommunen, av di at landsmålet var nærare den gamle dialekten i området, det var au eit vedtak i kommunestyret på dette.
Innhaldsliste |
[endre] Detaljar om andebumål
Det er til dels store lokale forskjellar, men det botnar som oftast i kor mye dialekten er påvirka av bymåla rundt (da særs av dialektane i Tønsberg og Sandefjord). Her blir trekk frå det klassiske målet tatt fram:
[endre] Grammatikk
Substantiv: Full bøying i tre kjønn.
- Hankjønn 1: -, -en, -ær, -æne (bil, bilen, bilær, bilæne)
- Hankjønn 2: -, -n, -o, -næ (sko, skon, sko, skonæ)
- Hokjønn 1: -, -æ, -er, -ene (jente, jentæ, jenter, jentene)
- Hokjønn 2: -, -æ, -ær, -æne (to, toæ, teær, teæne) (tå)
- Inkjekjønn 1: -, -e, -, -æ (bol, bole, bol, bolæ) (materialer)
- Inkjekjønn 2: -, -e, -er, -ene (bol, bole, boler, bolene) (kjøkkenbord)
Verb: Kløyvd infinitiv
Bøying av verb:
-, -ær, -æ, -æ, -æ (tute, tutær, tutæ, har tutæ, hadde tutæ)
-, -er, -ant, -i, -i (finne, finner, fant, har finni, hadde finni)
-, -er, -aut, -i, -i (bryte, bryter, braut, bryti, bryti)
-, -er, -ov, -de, -i, -vd (gravæ, graver, grov, gravde, har gravi, hadde gravd)
Enkelte rester av dativ i faste uttrykk: «i Skrubbåsæ» (i Skrubbåsen)
[endre] Uttale
- Diftongen 'ei' i gamalnorsk er bevart i noen ord: døme: veit, bein, i andre ord er den forenkla til 'i': him (heim), ski (skei)
- Diftongen 'au' har anten blitt bevart: ause, lau (lauv) eller der det i gn. var kort diftong gått over til 'ø': høst (haust), øst (aust).
- 'l' blir mange stader (etter historisk 'l') uttala som 'tjukk l': fæl, selæ (sele)
- 'g' blir uttala 'j' i utlyd: ælj (elg), tørj (torg), børj (borg)
- 'a' blir uttala 'æ' i utlyd: jentæ (jenta), bæræ (bera), værræ (vera)
- Gamalnorsk 'hv' har blitt til 'gv': gvass (kvass), gvine (kvine)
- Gamalnorsk 'fn' har blitt til 'mn': hamn, famne
- 'r' før 'l' er stum: Kal (Karl)
- Gamalnorsk 'rð' blir uttala som 'tjukk l': gål (gard), jol (jord)
- Gamanorsk 'ki' blir uttala 'kje': krykkjer, ikkje
- Gamalnorsk 'á' blir noen gonger uttala 'o' (oftast i samansettingar): Svartoæ (elva Svartåa), to (tå)
- Gamalnorsk 'rn' blir ofte uttala 'nn': dæn hænne (denne her), dæn tænne (den der)
- Gamalnorsk 'rst' blir oftest uttala 'sst': fysst (fyrst)
- 'e' uttalast oftast 'e' som i 'ser' i mange ord: her, der, ske (skal)
[endre] Ordtilfang
Orda nytta i det gamle målet bærer tydelig preg av å vera eit fagspråk. Så og si alle i kommunen jobba tidlegare i primærnæringane, dvs. jord- og skogbruk. Det er mange ord som i dag er ukjende av di at dei beskriv detaljar på utstyr nytta i næringane. Desse orda kjem opprinneleg frå gamalnorsk, men fordi dette språket var ukjent for dei fleste blei orda sett på som spesielle for Andebu og nabobygdene. Sjølv om orda kanskje kunne finnast att i dialektar i Telemark og i nynorsk. Tilfeldige ord kjem frå tysk og engelsk.
[endre] Døme på ord
- akæ (1. flytte på seg. 2. kjøre. 3. raske på. 4. lide sakte: «de' akær uttover høsten»)
- bjønn (bjørn)
- dra (bøyast: dra-drar-dro-drii)
- ellmørrju (eldmørje, samling av glør)
- fyrri (1. foran. 2. før)
- gvile (kvile)
- gværrvill (1. sommarfugl. 2. små sammenraka høyflekkar)
- hønn (horn)
- ivju (evje)
- kjørke (kyrkje)
- laue sæ (bade)
- naue (ta skade)
- omm (omn)
- røyr (rør)
- seto (jordet nedanfor fjøset)
- spurrning (gåte)
- tra (jorde)
- tuppe (høne)
- tåppe (hane)
- ul (hulder)
- Vintergatæ (Mjølkevegen)
- ægg (egg)
- øllbågæ (alboge)
- åkkle (okle)
[endre] Moderne andebumål
Det typiske i dag er bøyinga av hankjønnsord i fleirtal (-ær, -æne), men den au er på vikande front. Men dette er ei aktiv form blant dei som nyttar henne, nyord av hankjønn får denne bøyinga, (CD-ær, bloggær)
Mange faste utrykk med bevarte gamle former finst «de' går så de' gviner» (når noe går veldig fort).
Diftongen 'ei' er også til en stor del bevart, diftongen 'au' har som oftest gått over til 'ævv'.
Tjukk l er bevart.
Tjukk l for tidlegare 'rð' er til dels bevart.
Tre kjønn er bevart.
[endre] Litteratur
- Andebu bygdebok, kulturbindet, red. av dr. philos. Arne Gallis
- Vestfoldmål: Ord og vendinger fra Andebu, av Ole Bråvoll (red. av Odd Gallis)