Alfred Nobel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Bernhard Nobel (f. 21. oktober 1833 i Stockholm - d. 10. desember 1896 i San Remo), svensk kjemikar, ingeniør, oppfinnar og filantrop.
Alfred Nobel var tredje son av Emmanuel Nobel (1801-1872) og familien budde i Stockholm til Alfred var 8 år gamal. Då flytta familien til St. Petersburg der faren hadde starta ein maskinverkstad der det vart produsert torpedoar.
Alfred Nobel viste tidlig interesse for naturvitskaplege språk og hadde lett for å lære. Han skaffa seg omfattande kunnskapar om både naturvitskap og litteratur, men han tok aldri eksamen frå universitet eller høgskole.
I 1863 flytta han attende til Sverige og byrja å arbeide som kjemikar ved faren sin verkstad i Helenborg. Han vidareutvikla sprengstoffet nitroglysering og starta industriell produksjon av dette i 1864. I 1867 fikk han patent på ein type sprengstoff han gav namnet dynamitt, etter å ha funne opp dette året før. Denne oppfinninga fikk stor betyding for anleggsverksemd i mange land og la grunnlaget for Nobel sin store formue.
Som oppfinnar oppretta Alfred Nobel 355 patent.
Nobel hadde også sterke sosiale interesser og ein draum om å gjere noko for menneske verda over. Han testamenterte det meste av formuen til eit fond der inntektene kvart år blir brukt til å dele ut Nobelprisen.