Alfred Hauge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Hauge (1915 - 1986) var ein norsk forfattar og journalist frå Finnøy kommune i Ryfylke i Rogaland. Alfred Hauge vaks opp på øya Kyrkjøy i Sjernarøy. Det finst eit minnesmerke over Alfred Hauge ved ei fin trekyrkje som ein finn på Kyrkjøy. Hauge var oppteken av den norske utvandringa til Amerika. Mellom anna skreiv han ein trilogi om utvandrarpioneren Cleng Peerson.
Alfred Hauge skreiv både på nynorsk og bokmål. Forfattaren Kolbjørn Hauge er ein yngre bror av Alfred Hauge.
Hauge vart tildelt Den norske Kritikerprisen for litteratur for 1965 for Cleng Peerson triologien.
[endre] Utval av utgjevingar
- Septemberfrost : eit folkelivsbilete frå åra 1812-14 (1941)
- Skyer i drift over vårgrønt land (1945) Diktsamling
- Hans Nielsen Hauge : Guds vandringsmann (1947)
- Tuntreet blør (1953) roman
- Kvinner på Galgebakken (1958) roman
- Cleng Peerson : hundevakt (1961) roman. Del I av Cleng Peerson triologien
- Cleng Peerson : landkjenning (1961) roman. Del II av Cleng Peerson triologien
- Gå vest - : gjennom Amerika i emigrantspor. (1963) Reiseskildring. Teikningar av Henry Imsland
- Cleng Peerson : ankerfeste. (1965) Del III av Cleng Peerson triologien
- Mysterium (1967) roman
- Cleng Peerson : utvandring (1968) Skodespel dramatisert i samarbeid med Asbjørn Toms.
- Det evige sekund (1970) Diktsamling
- Evangelium (1977) Diktsamling
- Barndom (1975) Livsminne
- Ungdom (1977) Livsminne
- Flinta-Lars : det gamle Jæren i tradisjon og folkeminne (1985) Folkeminne
- Gamle Jæren : andre boka om tradisjon og folkeminne etter Lars A. Tjøtta (1986) Folkeminne
- Manndom. Livsminne (1999) Manuskript utgjeve av familien til Alfred Hauge i samarbeid med Gyldendal forlag.
[endre] Litteratur
- Pedersen, Odd Kvaal: Gråstein og lengsel: peilinger i Alfred Hauges tema og litterære landskap, Oslo 1985. ISBN 8205164096
- Sørbø, Jan Inge: Angen av bork og ein brennande einerbusk. Om Alfred Hauges forfattarskap, Oslo 2001. ISBN 8205291373
- Aano, Jacob: Helsing Alfred : eit blikk på norsk kultur gjennom Alfred Hauge sine brev, Oslo 2000. ISBN 8247601591