Ahimsa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omgrep frå buddhismen, djainismen og hinduismen |
Ahimsa er eit religiøst konsept som forfektar ikkje-vald og respekt for alt liv. Ahimsa kjem av sanskrit, unngå skade. Det er nært knytta til vegetarianisme innan austlege religionar og til moderne bruk av ikkje-vald som politisk pressmiddel.
Omgrepet er fyrst å sjå i dei hinduistiske skriftene kalla Upanisjadane. I djainismen er ahimsa-vrata eller løftet om ahimsa, det fyrste av fem maha-vrata, grunnleggjande løfter. Her vert alt dyreliv og det meste av planteliv rekna å vera medvite og alle gjerningar som trugar slikt liv er forbode. I hinduismen finn ein ahimsa som eitt av fem løfte innan yoga.
Introduksjonen av ahimsa til Vesten kan sjås i samanhang med ikkje-valds-filosofien til Mahatma Gandhi, som inspirerte Martin Luther King Jr. med fleire. Den veksande populariteten til yoga og meditasjon har også introdusert ahimsa for mange vestlege folk.