Abu Nidal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abu Nidal («kampens far» opprinneleg namn: Sabri al-Banna) var ein palestinsk politisk leiar og grunnleggjaren av organisasjonen Fatah — the Revolutionary Council (Fatah al-Majles al-Thawry).
På 70- og 80-talet var Abu Nidal rekna som ein av dei verste terroristane i verda. Organisasjonen hans vart danna etter ei splitting med Yassir Arafat og Fatah.
Abu Nidal døydde etter at han vart skoten mellom ein og fire gonger i Bagdad i august 2002. Palestinske kjelder meiner han vart avretta på ordre frå Saddam Hussein, medan irakiske styresmakter hevdar han tok sitt eige liv.