Vågan kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vågan kyrkje ligg i Kabelvåg og vert òg kalla «Lofotkatedralen». Ho er bygd i 1898 og har plass for 1200 menneske. Ein reknar med at det har vore kyrkjestad på staden i 900 år, og at kyrkja som kong Øystein I Magnusson let reise også låg her. Fem eller seks kyrkjer har lege innanfor området til dagens kyrkje. Her er ein av dei to eldste kyrkjegardane i Nord-Norge.