Tidsskrift
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidsskrift er eit skrift eller blad som kjem ut med jamne mellomrom. Eit tidsskrift inneheld gjerne artiklar som handlar om eit meir eller mindre avgrensa emne. Ei avis kjem i regelen ut oftare enn eit tidsskrift. Som synonym for tidsskrift som kjem regelbunde, vert ofte periodika nytta (fleirtal af periodikum). Om eit tidsskrift kjem ei gong til året, vert det ofte kalla årbok. Tidsskrifter kan òg verta kalla magasin og omtalast som vekeblad og månadsblad, etter kor ofte dei kjem ut.
Eit tidsskrift kan verta utgjeve som eit medlemsblad, send til folk som er medlem av ei forening eller ei interessegruppe. Andre tidsskrift kan ein tinga eller kjøpa i laussal.
Det første danske-norske tidsskriftet var Nye Tidender om Lærde Sager, som byrja å koma ut i 1720.
Eit tidsskrift kan identifiserast eintydig ved hjelp av ISSN- nummeret.
Sjå òg artiklar om nokre tidsskrift.
Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over mediespirer. |