Same Deutz-Fahr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Same Deutz-Fahr er ein italiensk-tysk traktorprodusent. Firmaet, som opphaveleg heite Società in Accomandita Motori Endotermici (SAME), vart stifta i 1942, i Treviglio i Bergamo i Italia. Same utvikla seg til å verta ein av dei største traktorprodusentane i Italia og var ein av pionerane innan firehjulsdrivne traktorar.
I 1972 tok SAME over den italienske traktorprodusenten Lamborghini Trattori S.p.A., men heldt fram med å marknadsføra SAME og Lamborghini som separate merker.
In 1976, kjøpte SAME den sveitsiske traktorprodusenten Hurlimann. Noko etter dette skifa dei bamn til Same-Lamborghini-Hurlimann.
I 1995 kjøpte dei den tyske traktorprodusenten Deutz-Fahr, som var ein del av Klöckner-Humboldt-Deutz (i dag Deutz AG), som ville konsentrera seg om motorproduksjon. Same bytta samstundes namn til Same Deutz-Fahr. Same Deutz-Fahr marknadsfører dei fire traktormerkene Same, Deutz-Fahr, Hurliman og Lambourghini og er i dag er stor traktorprodusent. Same Deutz-Fahr eig i dag omlag 40 % av Deutz AG.
I 2005 kjøpte Same Deutz-Fahr den kroatiske skurtreskjarprodusenten Ðuro Ðakovic.