Rongøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rongøy er ei øy i Øygarden kommune i Hordaland. Øya har brusamband til Bergen via Sotra. To skular er plasserte på Rong; Rong skule for 1–7 klasse for elevar frå Rong, og Øygarden Ungdomsskule som er felles ungdomsskule for heile Øygarden.
[endre] Natur
Breivikmarka myrområde er et ganske stort myrområde utan inngrep, mellom Breiviki og Rongaloptet/Ormhilleren på Rongøy. Tjørn i nordvestre delen av lokaliteten med førekomst av det sjeldne grasslaget buntsivaks.
[endre] Rongaloptet
Kystlyngheiområde med rikt innslag av purpurlyng. Avgrensa i nord av Rongaloptet, som i seg sjølv har element av berg med tilhøyrande flora, i vest/nordvest av gangveg til Ormhilleren friluftsområde, mot aust av sig/myrdrag mot Rongesundbrua og i sør av Ormhilleren/Insta Glosviki. Særleg i sør- og vestvende, tørre hellingar på berg med tynt jorddekke finn ein innslag av purpurlyng, avbrotne av våtare myrdrag. Som elles i lyngheiområda i Øygarden er vegetasjonen avbroten av nakne knausar og berg. Området er truga av attgroing av buskfuru. Grunna attgroing av lyngheiene har område med dominans/betydeleg innslag av purpurlyng etterkvart blitt sjeldnare i Øygarden.