Ragna Nielsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragna Vilhelmine Nielsen (født Ullmann, 1845–1924) var ein norsk lærar og kvinnesaksforkjempar. Ho var dotter av Vilhelmine Ullmann og Jørgen Ullmann og syster til skulemannen Viggo Ullmann.
Allereie som femtenåring byrja Ragna Ullmann virket sitt som lærar. Ho var seinare med på å grunnleggja den første fellesskulen for gutar og jenter, Fru Ragna Nielsens skole, i 1885. Ho danna òg Kristiania Kvindelige Handelsstands Forening i 1890 og Hjemmenes Vel i 1900.
Som kvinnesaksforkjempar var ho med på stiftingen av Norsk Kvindesagsforening i 1884, og sat som formann i periodane 1886–1888 og 1889–1895. Hovudinteressa hennar var stemmerett, og ho var òg med i Kvindestemmeretsforeningen som styremedlem (1903-1913), men stod imot danninga av den meir liberale Landskvindestemmeretsforeningen.
I 1906 blei Nielsen, som ei av dei seks første kvinnenen nokon gong, vald inn i bystyret i Kristiania. Frå rundt 1910 var ho òg aktivt med i Riksmålsforeningen.
Nielsen skreiv mykje i tidsskriftet Nylænde og gav ut bøkene Norske Kvinder i det 19de Aarhundrede (1904) og Fra de smaa følelsers tid. Billeder af en norsk bygd (1907)