Peter Wessel Zapffe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Wessel Zapffe (fødd 18. desember 1899 i Tromsø, død 12. oktober 1990 i Asker) var ein norsk forfattar, filosof, fjellklatrar og friluftsmann. I 1923 tok Zapffe sin juridiske embetseksamen, og han praktiserte som jurist i fem år.
[endre] Filosofen
Zapffe var sterkt influert av Arthur Schopenhauer sin filosofiske pessimisme. I lys av denne skapte Zapffe eit eige perspektiv som han såg verda frp, den såkalla biosofien. Gjennom essayet Den sidste Messias (1933) kjem biosofien til uttrykk, og den filosofiske avhandlinga (Om det tragiske) som kom ut i 1941 gjer i sin heilskap greie for tankane i Den sidste Messias.
Zapffe sin teori er at mennesket har overutvikla evner (forståing og sjølvinnsikt) i høve til dei omstenda det lever under og difor ikkje passar inn i naturen. Mennesket sitt strev etter rettferd kring tema som liv og død kan ikkje oppnåast, og difor har menneska behov som naturen ikkje kan oppfylla. Tragedien, som er ein konsekvens av denne teorien, er at mennesket heile tida prøver å ikkje vera menneske. Slik sett er mennesket eit paradoks.
[endre] Større verk
- Om det tragiske, avhandlinga for graden dr. philos. (Oslo 1941)
- Vett og uvett, utgjeve i samarbeid med Einar K. Aas (Trondheim 1942)
- Den fortapte sønn, en dramatisk gjænfortelling (Oslo 1951)
- Den logiske sandkasse (Oslo 1965)
- Rikets hemmelighet, (Oslo 1985)
[endre] På verdsveven
- Om Peter Wessel Zapffe av Øyvind Olsholt
- Zapffes fotosamling på 6000 bilder overteke av Nasjonalbiblioteket
- Omtale av Zapffe av biologen Dag O. Hessen