Peter Chr. Asbjørnsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Christen Asbjørnsen (1812-1885) var ein norsk forfattar, naturvitar og zoolog som er mest kjend som eine delen av eventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe.
Asbjørnsen var fødd i Christiania, men blei teken ut av borgarskolen og sent på eit privat artiumkurs på Norderhov for å konsentrera seg om skolefaga. Her gjekk òg Jørgen Moe, som mellom anna delte interessa hans for folkedikting. Dei to blei vennar for livet. Dei to hadde ei særskild interesse for
Etter artium var Asbjørnsen huslærar på Romerike, og tok til å skriva opp segner og eventyr. I slutten av 1837 offentleggjorde han nokre av dei i Nor, en Billedbok for den norske ungdommen. Men stilen var fortsatt.
Same året byrja òg Asbjørnsen samarbeidet med Moe, og dei felles innsamlingane deira blei til Asbjørnsen og Moes norske folkeeventyr.
Asbjørnsen fortsette å gje ut innsamla forteljingar til kort tid før han døydde. Det meste av det han skreiv høyrer likevel til andre område. Han var ein av dei første havforskarane, studerte forstvesen i Tyskland, var forstmeister og ei tid ”Torvmeister”, og gjorde nyttig arbeid for skogsaken. Han var en litterær altmoglegmann som skrev folkeskrifter og populærvitskaplege artiklar, skildra ei reise til Egypt, laga ei kokebok og slost med Eilert Sundt om den rette måten å utnytta korn på, ”grautstriden”. Og alt i 1861 skreiv han ein stor populær artikkel i budstikka om den nye utviklingslæra til Darwin.
[endre] Lenkje ut
- dokpro.uio.no - Asbjørnsen og Moe sine verk hjå Dokumentasjonsprosjektet.
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |