Brukar:Parelius
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Worm Parelius bur på Austlandet, men er halvt nordlending, halvt utlending. Han er folkemålsflyktning, det vil seia, han har flykta frå Bokmålswikipediaen, som av og til vert vitja av ein gjeng ustyrlege riksmålsbøller. Han hjelper framleis til med å skriva bokmålsartiklar, sjølv om han etter kvart er vorten temmeleg blaut etter mange rundar med "språkvask".
[endre] Interesser
Språk og samfunn, og dessutan kombinasjonen språk og samfunn. Han likar òg musikk og politikk, og dessutan kombinasjonen musikk og politikk. Han er også kjend som ein notorisk sportshatar, og er jamt over skeptisk til moderne teknologi.
Worm Parelius er marxist, ateist, pasifist og anti-objektivist. Sjølv om han har skrive ein del artiklar om fuglar, er han ikkje ornitofil (og har som følgje ikkje noko greie på fuglar), men har berre lyst til å hjelpa til med å spreia informasjon og å utvikla Nynorskwikipediaen. Dessutan likar han å omsetja frå bokmål og riksmål til folkemål og nynorsk.
[endre] Språk
Worm Parelius har folkemål som farsmål, men skriv òg på nynorsk, engelsk og spansk. I tillegg skjønar han litt tysk.