Numedalslågen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Numedalslågen er med sine 352 km ei av Noregs lengste elvar. Elva har utspring på Hardangervidda og renn derfrå gjennom Sæterdalen til Dagali, vidare nedover Numedal til Kongsberg, og derfrå ned til Larvik, der elva munnar ut i sjøen.
Numedalslågen vart tidligere brukt til tømmerfløting. Strekninga frå sjøen og opp til Hvittingfoss har laks og sjøaure. Numedalslågen er av dei betre lakseelvane i Noreg. På den nedre delen av elva blir det tradisjonelle flåtafisket stadig haldt i hevd. Denne tradisjonen er kjent 500 år tilbake i tid.