Konkurs
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein konkurs (tidlegare også kalla fallitt) er dét som finn stad når ein skyldnar vert erklært for insolvent, dvs han er både illikvid (ikkje har inntekter nok til å dekkja løpande utgifter) og insuffisient (ikkje har aktiva som overstig verdien av forfalte utgifter).
Dersom tingretten gjennom ei konkurshandsaming erklærer ein skyldnar for konkurs, tek det offentlege beslag i den konkursramma sine eigneluter og overlét dei til eit konkursbu, leia av ein bustyrar, som har til oppgåve å omsetja eignelutane i pengar for å dekkja mest mogleg av fordringshavarane sine gjeldskrav.
I 2005 blei det registrert 3 502 konkursar i Noreg. Dette var ein nedgang på 18 prosent samanlikna med året før.
Denne rettsvitskaplege artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over rettsvitskapsspirer. |