Klingon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klingon (tlhIngan Hol IPA: /t͡ɬɪˈŋɑn xol/) |
|
---|---|
Tala i: | |
Område: | |
Klingontalande i alt: | 40-50 millionar |
Rangering: | 6 |
Klassifisering: | Konstruert språk |
Offisiell status | |
Skriftsystem: | Latinske bokstaver eller eiga klingonskrift |
Offisielt språk i: | |
Normert av: | Ingen |
Språkkodar | |
ISO 639-1: | ISO 639-2: tlh |
ISO 639-3: tlh | SIL: - |
Klingon er eit oppdikta språk som blir brukt av dei innfødde på ein framand planet i den amerikanske TV-serien Star Trek. Det har vorte teke i bruk av ein del entusiastar, som både skriv og talar språket.
Lyden av klingon blei først laga av James Doohan for Star Trek: The Motion Picture. Dei blei vidaretuvikla til eit eige språk av Marc Okrand i 1984. Han valde den sjeldne ordstillingstypen Objekt Verb Subjekt og brukte lydar frå amerikanske urfolkspråk for å få det til å høyrast så uvand og utanomjordisk som mogleg. Dette fokuset på det framande og ukjende skil det frå dei fleste andre planspråk, som er laga for å vera lette å læra og praktiske å bruka.
Fleire verk er blitt omsette til klingon, og det er laga ein eigen klingonsk wiki.