Judits bok
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Judits bok er eit gammaltestamentleg apokryft skrift også kalla ei deuterokanonisk bok. Desse skriftene er inkludert i den ortodokse og katolske bibelen og i dei septuagintiske skriftene, men ikkje i den protestantiske eller jødiske bibelen. Judits bok fortel om hendingar som skal ha skjedd tidleg i historia til Israel.
I Judits bok blir det fortalt at Assyria gjekk til åtak på israelittane under ein hærførar kalla Holofernes. Ei enke som heitte Judit gjorde imidlertid inntrykk på hærføraren og han heldt eit stort gjestebod for ho. Då han i berusa tilstand har fått ho med seg inn på eit rom, drep ho han med hans eiga sverd. Åtaket til assyrarane blir dermed stoppa.