Israel Shamir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Israel Shamir er ein forfattar og journalist. Bøkene hans er omsett til mange språk, ei av dei til nynorsk. Blomar frå Galilea, omsett av Hans Olav Brendberg. Magasinet Monitor og svenske expo har lagt ned ressursar for å undersøke Shamirs tilknyting til Sverige. Dei har avslørt og kringkasta at han har folkeregistrert seg i Sverige og skifta namn først til Jöran Jermas og seinare til Adam Ermasch. Mykje av forfattarskapet hans dreiar seg om Israel-Palestina-konflikten. Han er kontroversiell og omdiskutert på grunn av utsegner om jødar og Israel.
[endre] Skuldingar om antisemittisme
Shamir blei i ei periode publisert i Friheten, Morgenbladet og Klassekampen. Det blei kravd at Shamir måtte stengast ute frå spaltene. Ein omfattande debatt om temaet gjekk føre seg på nettforumet KK-forum.
[endre] Eksterne lenker
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |