Brukardiskusjon:Haukur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Velkomen
Hei og velkomen til Nynorsk Wikipedia, Haukur! Eg føreslår at du tek ein kikk på stilmanualen vår for å sjå korleis artiklar bør setjast opp og korleis du enkelt kan formatere tekst. Du kan finne ei grei innføring til korleis Wikipedia fungerer her. Dersom du lurer på noko er det berre å spørje! --Anders 11:44, 7 oktober 2006 (UTC)
[endre] Korleis ein lærer nynorsk
Hei Haukur! Eg har faktisk lært norsk som frammandspråk, og for ikkje så lenge sidan - eg trur eg byrja å læra norsk for omlag fire år sidan. Morsmålet mitt er tamil, som kanskje ligg litt lengre frå norsk enn islandsk. Eg trur at folk merkjer bruk av uvanlege formar når det gjeld grammatik i mykje større grad enn når det gjeld ordval. Eg skriv og seier, til dømes, "tarv" der dei fleste seier "treng", og "ljos" og "ljod" for "lys" og "lyd" osb utan at folk merkjer på det som noko sært, men viss eg bruker "boki" istaden for "boka" eller "gjeng" istaden for "går" so tykkjer nordmenn at det ser litt "gammalmodig" eller "dinosaurmålaktig" ut. Det er nokså lett å læra kva for nokre grammatiske former ein lyt halda seg frå.
Erling tilrådde Dag og Tid, og eg kan seia at det var svært nyttig for meg for å læra både ordval og norske uttryksmåtar. Artiklane der gjev gode døme over korleis vanlege nynorskbrukarar skriv om aktuelle emne på nynorsk. Berre hugs å hoppa over skrivingane "um korleis nynorskt hev vorte tvinga til å folna".
Å læra å uttala norsk rett kan vera vanskeleg, særleg fordi det ikkje finst éin rett måte å uttale nynorsk på. "O"-ane er uttalt forskjellig på forskjellige dialektar - der ein dialekt uttaler han med "o"-ljod vil ein annan uttala han med "å"-ljod. Sameleis seier ein vanlegvis "spegel" med /g/, men det er òg "speil" på fleire dialektar. Forvirrande eller...? Eg hadde ei nynorsk-engelsk ordbok (gjeven ut av Samlaget) med retninglinjer for uttale som var svært nyttig for meg. Men eg trur at den lettaste måten å læra å uttala norsk er å velja ein dialekt, og høyra på korleis dei uttaler ord. NRK har nokre journalistar som nyttar sognamål, viss det er det du har lyst til å læra. Lykke til! -- Arvind 21:31, 16 oktober 2006 (UTC)