Hannu Salama
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hannu Salama (fødd 4. oktober 1936) er ein finsk forfattar. Salama er busett i Helsingfors, men vaks opp i Tammerfors. Før han vart forfattar på heiltid i 1961 arbeidde Salama som elektrikar, som far sin, og som landarbeidar.
I 1966 vart Hannu Salama rettsforfølgd for blasfemi. Grunnen var romanen Juhannustanssit frå 1964 (på norsk Midtsommerdansen 1965). I retten medgav Salama at det hadde vore hans meining å spotta Gud i boka, og han nekta å ha forsvarar i saka. Han vart idømd tre månader fengselstraff på vilkår i to lågare rettsinnstansar, men innan saka kom opp i den finske høgsteretten hadde blasfemiparagrafen vorte sletta frå lova. Til slutt greip president Kekkonen inn og gav han nåde, i 1968. Då hadde saka sjølvsagt allereide vekt stor merksemd også utanlands, og mellom andre Jean-Paul Sartre og Halldór Kiljan Laxness hadde engasjert seg i saka på Salama si side. Nyopptrykk av romanen kom ut i sensurert utgåve heilt til 1990, då han vart publisert usensurert.
I 1975 fekk han Nordisk Råds litteraturpris for Siinä näkijä missä tekijä (på norsk Ingen gjerning uten øyenvitner (1972)).
[endre] Bibliografi
- Se tavallinen tarina
- Minä, Olli ja Orvokki
- Juhannustanssit (1964)
- Siinä näkijä missä tekijä (1972)
- Näkymä kuivaushuoneen ikkunasta (1988)
[endre] Prisar
- Eino Leinon palkinto (1985)
- Aleksis Kiven palkinto (1990)
- "Nordisk Råds litteraturpris" (1975)