Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Frikorps - Wikipedia

Frikorps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frikorps (tysk: Freikorps) var opphavleg ei nemning på friviljuge militsar. Det første frikorpset vart oppretta av Fredrik II av Prøyssen under Sjuårskrigen, og tilsvarande einingar vart òg brukte mellom anna under Napoleonskrigane. Regulære styrker stolte ikkje på evnene og disiplinen til frikorpsa, og dei vart difor mest brukte til vakthald og rutinearbeid.

Etter fyrste verdskrigen oppstod ein nye type frikorps: private, paramilitære grupper i all hovudsak sette saman av veteranar frå fyrste verdskrigen med eit høgreorientert politisk syn. Mange av soldatane var sterkt desillusjonerte etter det knusande nederlaget i 1918, og etter det dei oppfatta som ein ydmykande fredsavtale. Dolkestøtlegenden, det vil seie oppfattinga av at politikarane i den seinare Weimarrepublikkenhadde dolka det tyske folket i ryggen da dei inngjekk avtalen, stod sentral for fleire av medlemmane. Mange gjekk inn i frikorps avdi dei ville stogga kommunismen. Det var ei rekke militsar som gjekk under samlenemninga frikorps.

Tysklands sosialdemokratiske forsvarsminister, Gustav Noske, var positivt innstilt til frikorpsa, og nytta dei til å slå ned spartakistoppreisten i Berlin og Den bayerske sovjetrepublikken i 1919. I samband med førstnemnde vart Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht avretta av frikorpsa.

Fleire frikorpsgruppar deltok òg i kampar i Baltikum, Schlesien og andre delar av Preussen etter fyrste verdskrigen. I Oberschlesien spelte dei ein stor rolle i dei nasjonale kampane mot polske separatistar. Ved fleire høve hadde dei framgang mot regulære styrkar, noko som ikkje er overraskande ettersom størsteparten av medlemmane hadde lang fronterfaring.

I 1920 vart frikorpsa offisielt oppløyste, men mange av gruppane fortsette som nettverk av politisk likesinna. I mars same året var fleire tidlegere medlemmer med under Kapp Putsch, eit mislykka kuppforsøk. Frikorpsmedlemmar stod òg bak det politiske drapet på Tysklands utanriksminister Walther Rathenau.

Nokre medlemmer gjekk inn i NSDAP, og enkelte leiande personar i partiet, som Ernst Röhm, Heinrich Himmler og Rudolf Höss, hadde ei fortid i frikorpsa. Dei fleste blei likevel ståande utanfor under Det tredje riket. Mange av dei spurde seg kvar Adolf Hitler hadde vore i 1919–1920, da frikorpsa kjempa mot kommunistane. Hitler hadde da akkurat byrja sin politiske karriere som leiar for det som da var eit svært lite parti i München. Kommandanten for frikorpsa, Hermann Erhardt, og hans nestkommanderande Eberhard Kautter, nekta å ta del i ølkjellerkuppet, og konspirerte mot kuppmakarane.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com