Finlandssvenskar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finlandssvenskar (I eintal: finlandssvensk.) eller östsvenskar er personar som talar svensk språk eller finlandssvensk i Finland. I Finland er delen svenskspråklege 5,58 prosent (2002) om Åland vert teke med. Finland (utanom Åland) har to offisielle språk, finsk språk og svensk språk.
[endre] Vidgjetne finlandssvenskar
Vidgjetne finlandssvenskar er til dømes Linus Torvalds, skaparen av Linux, komponisten Jean Sibelius, feltmarskalk/president Carl Gustav Emil Mannerheim, finskdomsrørsla sin leiar Johan Vilhelm Snellman og forfattarane Tove Jansson, Johan Ludvig Runeberg, Elias Lönnrot og Edith Södergran.
[endre] Sjå òg
- Finlandssvensk
- Austsvenskar