Figuren Harry Potter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harry James Potter (f. 31. juli 1980) er hovudfiguren i Harry Potter-serien.
Harry er ein trollmann. Dette er ein eigenskap han har frå foreldra sine, James og Lily Potter. Den synske heksa Sybill Trelawney såg i ein profeti at Harry skulle verta den som kunne sigra over den onde Lord Voldemort. Profetien hennar lydde slik:
- "The one with the power to vanquish the Dark Lord approaches...born to those who have thrice defied him, born as the seventh month dies...and the Dark Lord will mark him as his equal, but he will have power the Dark Lord knows not...and either must die at the hand of the other for neither can live while the other survives...the one with the power to vanquish the Dark Lord will be born as the seventh month dies..."
Voldemort fekk vita dette, og då Harry var eitt år gamal, prøvde Voldemort å drepa han. Han klarte ikkje det, fordi Harry var beskytta av kjærleiken frå mora. Men Harry fekk eit arr i panna, og foreldra hans døydde. Etter denne hendinga, forsvann Voldemort sporlaust.
Harry veks opp saman med tanta si, Petunia Dursley, som er ein muggle (ikkje-magikar), og familien hennar. Dei seier til Harry at foreldra hans døydde i ei bilulukka, og fortel han ingenting om den eigentlege bakgrunnen hans, fordi dei ikkje likar noko som har med den magiske verda å gjera. Familien Dursley behandlar Harry svært dårleg, særleg samanlikna med søskenbarnet Dudley, som er jamaldrande med Harry. M.a. må Harry bu i eit skåp under trappa. Truleg gjorde dei livet hans surt i den trua at det ville pressa magien utav han.
Innhaldsliste |
[endre] Historia bok for bok
[endre] Harry Potter and the Philosopher's Stone
Når Harry er 11 år gamal, får han vita at han er ein trollmann og skal gå på kostskule ved magiskulen Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry. Familien Dursley prøver å hindra han i å motta brev frå skulen, men til slutt kjem trollmannen Hagrid, som er vaktmeister ved Hogwarts, heim til dei og hentar han.
Når Harry kjem til Hogwarts, tek det ikkje lang tid før han får seg ein erkefiende, Draco Malfoy, og to bestevener Ron Weasley og Hermione Granger. Desse følgjer han gjennom heile historia.
Voldemort har no kome attende etter å ha vore vekke i ti år. Han er no på jakt etter dei vises stein. Han har ikkje eigen kropp, så han brukar baksida av Defence against the Dark Arts-læraren professor Quirrell som vertskropp når han kjem til Hogwarts for å leita etter steinen. Men Harry kjem for å stoppa han, og Voldemort kan framleis ikkje skada Harry, så han får ikkje tak i steinen. Han forlet då kroppen til Quirrell, så Quirrell døyr.
[endre] Harry Potter and the Chamber of Secrets
I denne boka må Harry kjempa mot den yngre utgåva av Lord Voldemort, Tom Marvolo Riddle. Voldemort har nemleg lagra litt av sjela si i ein Horcrux i form av ei gamal dagbok, og denne dagboka tek kontroll over Ginny Weasley, systera til Ron, og får henne til å sleppa laus Riddle sjølv og basilisken hans. Harry drep til slutt basilisken, øydelegg boka og reddar Ginny.
[endre] Harry Potter and the Prisoner of Azkaban
Sirius Black, som vart dømt for å ha drepe mange muggles, rømmer frå magikarfengselet Azkaban. Han var gudfaren til Harry, og ein god ven av James Potter. Harry trur at det var han som fortalde Voldemort kor foreldra hans var. Det viser seg seinare å vera feil, og Black, Harry og venene hans får tak i den eigentlege syndaren, Peter Pettigrew, som også hadde gjort brotsverket Black var fengsla for. Diverre rømmer Pettigrew, og Black vert ikkje reinvaska og må gå i dekning.
[endre] Harry Potter and the Goblet of Fire
Harry Potter må vera med i The Triwizard Tournament, trass i at han ikkje meldte seg på sjølv, og at han er for ung, og at tre deltakarar alt er påmeldte. Han vinn turneringa saman med Cedric Diggory. Men når dei saman tek tak i pokalen som skal visa at dei har vunne den siste konkurransen, viser det seg at pokalen er ein portkey, som sender dei langt av garde til ein kyrkjegard. Der ventar Lord Voldemort og Peter Pettigrew. Pettigrew er i ferd med å laga ein ny kropp til Voldemort, og for å få dette til, må dei ha blod frå Harry. Voldemort får ein ny kropp, Pettigrew drep Diggory og Voldemort prøver å drepa Harry, men får det ikkje til. Harry kjem attende til skulen med pokalen og liket av Diggory. Nesten ingen vil tru han når han seier at Voldemort er attende.
[endre] Harry Potter and the Order of the Phoenix
Harry må i starten av boka redda Dudley Dursley frå dementors. Etter dette prøver magiminister Cornelius Fudge å få han fengsla, det er nemleg ikkje lov for mindreårige å bruka magi utanfor skulen. Dette lukkast han ikkje med. Fudge vert då rasande, og han plasserar Dolores Umbridge ved Hogwarts. Ho vert den nye Defence against the Dark Arts-læraren til Harry. Ho lærer dei ingenting, fordi ministeren meiner at dei ikkje treng læra å forsvara seg mot eit trugsmål han ikkje ser, og Harry startar si eiga ulovlege studiegruppa, som dei kallar Dumbledore's Army (D.A.), der han lærer andre elevar magi som kan forsvara dei mot Voldemort og Death Eaterane hans.
Voldemort ynskjer å få tak i profetien som omhandlar han og Harry, så han lokkar Harry til The Department of Mysteries, ved å telepatisk overføra ein visjon om at Sirius Black er fanga der. Harry må dit fordi dei einaste som kan opna ein profeti er dei som profetien omhandlar, og Voldemort vil ikkje gå inn sjølv, av frykt for å verta oppdaga.
Harry tek med seg fleire av venene frå D.A. til The Department of Mysteries, der dei i staden for Black møter ei gruppa av Voldemort sine Death Eaters. Studentane slost tappert med Death Eaterane, og til slutt kjem det vaksne, frå Order of the Phoenix, og hjelper dei. Black vert drepen av Bellatrix Lestrange.
Etter denne hendinga, vert Harry trudd, og omverda får vita at Voldemort er laus. Fudge får sparken som magiminister.
[endre] Harry Potter and the Half-Blood Prince
No kallar folk i magi-verda Harry for "the Chosen One", etter at The Daily Prophet har skrive om profetien.
Harry får tak i ei skulebok som har tilhøyrt The Half-Blood Prince, der det står mange formlar som gjer at Harry får svært gode karakterar i faget Potions (som omhandlar trylledrikkar). Denne halvblodsprinsen viser seg seinare å vera læraren Severus Snape, som Harry aldri har kome overeins med.
Harry og Dumbledore legg ut på reis for å få tak i resten av Voldemort sine Horcruxar, fordi Dumbledore trur at det er dei som gjer han udødeleg. Dei finn staden der Horcruxen er, men nokon har alt teke han derifrå.
Når dei kjem attende til skulen, er Dumbledore svak og sliten. No får Harry det endelege provet på at Draco Malfoy er ein Death Eater. Han har nemleg som oppdrag å ta livet av Dumbledore. Men Malfoy taklar ikkje presset, så dobbeltagenten Severus Snape drep Dumbledore med Avada Kedavra-formelen. Dette måtte Snape gjera fordi han hadde avlagt ein eid kalla Unbreakable Vow til Narcissa Malfoy om at han skulle hjelpa Draco med oppdraget.
I slutten av denne boka kunngjer Harry at han ikkje vil gå vidare på Hogwarts.
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |