Fantastic Beasts and Where to Find Them
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fantastic Beasts and Where to Find Them, på norsk kalla Fabeldyr og hvor de er å finne er ei bok som er skrive av den britiske forfattaren J.K. Rowling. Boka er eit supplement til Harry Potter-serien, og førestiller ei av hovudpersonen Harry Potter sine skulebøker frå Hogwarts (Galtvort). Tilsynelatande er boka skrive av Newt Scamander (Salmander Fisle), og ho har føreord av Albus Dumbledore (Albus Humlesnurr), rektor ved Hogwarts.
Inntektene frå salet av Fantastic Beasts and Where to Find Them vart gjeve til Comic Relief, ein veldedigheitsorganisasjon. Boka vart utgjeve i 2001, både i Storbritannia og i Noreg. Den norske omsetjinga er ved Torstein Bugge Høverstad.
Boka omhandler dei fleste magiske dyreartane som vert omtala i Harry Potter-serien, i tllegg til noko om korleis trollmenn skjuler desse for «muggles» (gompane, vanlege folk, dei umagiske). Ho inneheld òg ein tekst om tilhøvet mellom muggles og magiske dyr gjennom tidene