Emisjon i økonomi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein emisjon er i økonomi utferding og sal av verdipapir til investorar. Dette kan vera aksjar eller obligasjonar. Emisjonar der berre utvalde investorar får tilbod om å delta, bli kalla retta emisjonar.
Emisjonskursen blir bestemt av styret i selskapet. Ved hjelp av emisjonar kan selskap auke eigenkapitalen. Aksjar utferda ved emisjon blir gjerne kalla førstehandsaksjar, sidan dei er utferda direkte frå selskapet, i motsetning til aksjar kjøpt på børs eller frå andre eigarar, som blir kalla andrehandsaksjar.
Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over økonomispirer. |