Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Moche - Wikipedia

Moche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Moche-sivilisasjonen, òg kalla mochica-kulturen, tidleg chimu, før-chimu, proto-chimu, og så bortetter, blomstra i nordre Peru frå kring 200 e.Kr. til 700 e.Kr. I dag rekna ein at det politisk ikkje var same folket som folket i kongeriket Chimú, og noen trur det ikkje ein gong var eit rike, men heller ei gruppe av samfunn som delte felles ikonografi og teknologi. Somme teiknar moche-epoken så vidt som 300 f.Kr. til 1000 e.Kr.

Moche har ry for kunstferdig malt steinty, gullarbeid og irrigasjonssystem, Mochehistoria er grovt delt inn i fem periodar kor aukande kompleksitet i dekorasjonane avgjer kategorien. Vi kan i dag sjå keramikkstykke, detaljert erotisk dekorert steinty og anna frå Moche på musea Museo de la Nacion og Museo Larco Herrera i Lima.

Mochefolket levde hovudsakleg i tre dalføre: Chicama, Moche, og Viru. Vektige stadar er mellom anna Sipán og Huancaco. I område kring byen Trujillo kan ein finne fleire moche-ruinar. Huaca del Sol, ein pyramidestruktur, har vore den største strukturen før Columbus i Peru, men vart mykje øydelagt då europearar grov etter gull. Til alt hell ser det ut til at Huaca de la Luna har vore meir viktig for Moche og er bevart i fullgod stand. Han inneheld mange fargefulle målarstykke på vegg med kompleks ikonografi. Utgravinga gjekk føre seg i 2004.

Dekorert keramikk. (Kjelde: PromPerú)
Forstørr
Dekorert keramikk. (Kjelde: PromPerú)

Innhaldsliste

[endre] Keramikk

Mochekeramikken er ein av dei mest varierte i verda. Pottemakarane brukte former til å masseprodusera keramikk i store mengder, men hadde likevel stor variasjon både i form og avbildingar. Så godt som alle grønsakene og viktige aktivitetar er dokumentert gjennom keramikken, mellom anna krig, sex, metallarbeid og veving. Figurane blei sett på før keramikken tørka, noko som sjeldan blir gjort i dag på grunn av faren for at han skal eksplodera i omnen om det kjem luft mellom laga.

Dei var tydelegvis òg svært opptatte av individualitet. Kvar av dei 100 000 000 mursteinane i Huaca del Sol hadde eit merke som viste kven som hadde laga dei. Viktige personar ville få vasar med form som hovudet deira laga. Portrettvasane viser òg personlegdommen til den avbilda: Nokre ler, andre grubler, somme er sinte, og så bortetter.


Fargene brukt på mochekeramikken er ikkje særleg variert, kvit og raud er dominerande medan svart og ein gulaktig kremfarge er funne på nokre få verk. Dei fleste husa, laga av soltørka leirstein, er blitt øydelagde av vêr og plyndrarar over dei siste 1300 åra, men dei to huacaene som er igjen viser at veggmåleria deira var mykje meir fargerike. Me veit lite om kleda deira sidan alt stoff har gått i oppløysing; mochefolket levde nord i Peru som blir oversvømd i år med El Niño.

[endre] Religion

Hovudhoggaren, målarstykke frå Huaca de la Luna. Foto: J. Stander
Forstørr
Hovudhoggaren, målarstykke frå Huaca de la Luna. Foto: J. Stander

Mochefolket tilba ein figur kalla hovudhoggaren som ofte blei framstilla som ein edderkopp, men òg som eit vesen med venger eller eit slags sjømonster med tentaklar. Når kroppen er med i framstillinga blir han alltid vist med ein kniv i eine handa og eit hovud halde etter håret i den andre. Ein trur dette stod for menneskeofringsritual av framande soldatar.

[endre] Undergangen

Det finst ulike teoriar om årsaka til fortapinga åt mochesivilisasjonen. Klimatiske studiar har vist at det kom på ein klimatisk katastrofe mellom år 550 og 600. Først blei kysten råka av ein 30 år lang periode med flaum og regn (ein stor El Niño). Han vart følgt av ein tørkeperiode på 30 år eller meir. Det er boringar av iskjernar frå isbrear i Andes som har avdekt dette. Nyare oppdagingar av den nordamerikanske arkeologen Tom Dillehay viser at sivilisasjonen overlevde så lenge som til år 650, og at busettingar etter det var oppteken av livsopphald og defensivt arbeid. Ettersom det ikkje er funne prov på framande invasjonar, peiker dette i retning av at sivilisasjonen gjekk i oppløysing innanfrå etter ein uroleg periode som var etterfølgt av klimatiske forandringar. Sjå nettside hos BBC News: [1]

[endre] Anna

Moche var ein kultur i tidleg mellomhorisont som levde samstundes med nazcakulturen. Dei kom begge etter chavín og blei etterfølgt av wari og chimú. Ein tenker at menneske i moche hadde innskrenka kontakt med nazcakulturen fordi dei grov ut guano til gjødsling i territoriet åt nazca. Mochesteinty er funne nær Ica, medan ein ikkje har funne nazcakeramikk på mocheterritorium.

Merk: mochica var språket som var nytta i området då conquistadorane kom, men det finst ingen indikasjon på at det er språket som vart snakka i mochesivilisasjonen. Framleis kallar derfor vitskapsfolk kulturen moche etter ein grunnleggjande arkeologisk stad. Det finst enkelte prov på at dei var same folket som i den komande kulturen chimú.

[endre] Eksterne lenker

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com