Duosporvogn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duosporvogn er skjenegåande kollektivtransport som er utrusta for kjøyring på både sporvognsliner og jarnbaneliner. Sporvidda er den same, men dei har framdriftsmiddel og signalsystem for båe systema. Dette blir gjerne elektromotorar for bytrafikk og dieselmotorar kopla til generatorar for kjøyring på jarnbaneliner. System med elektromotorar med støtte for skilde spenningar finns òg. Duosporvogna kan binde saman småstader som kvar for seg ikkje har trafikkgrunnlag for sporvogn og kor lokaltog ikkje er rekningssvarande eller jarnbanetrafikken er lagd ned. Duosporvagn kan òg gje meir direkte reisar utan omstiging og slik få ned reisetida for folk. Då er det gjerne småstader som får betre kommunikasjon med eit lokalt senter.
Det første systemet i Europa var i Karlsruhe.
Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over transportspirer. |