Brødremesse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brødremesse var ein merkedag på primstaven som blei feira den 20. januar. Dagen var til minne om martyrane Fabian og Sebastian som vart drepne med pil og øks. Desse har i tradisjonen blitt oppfatta som brødre.
Dagen var markert med ei øks, pil, eller øks og pil saman, to krossar eller ei bispehue.
Øks som primstavmerke var og påminning om at ein måtte hogge emneved i tide før det byrja stige sevje i trea.
På Vestlandet blei òg namnet stamnbrødremesse nytta om denne dagen, etter stamn på båten. Dei som skulle ro fiske saman på våren avtalte dette på denne dagen.