Bjørnevatn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Bjørnevatn er ein tettstad i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Staden ligg om lag 12 km sørom Kirkenes og 6 km sørom Hesseng. Riksveg 885 går gjennom staden.
Gruveselskapet Sydvaranger dreiv etter jarnmalm i Bjørnevatn gjennom det meste av 1900-talet. Gruvedrifta starta i 1906 og vart innstilt i 1996. Dagbrotet som ligg att etter verksemda er det største i Nord-Europa.
Trygdeetatens innkrevingssentral ligg i Bjørnevatn.
[endre] Kjelder
- Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2006.
- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Finnmark.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |