Aymara
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg artikkelen om aymaraene
Aymara (Aymar aru) |
|
---|---|
Tala i: | Bolivia, Chile, Peru |
Område: | Det sentrale Andes |
Aymaratalande i alt: | 2,2 millionar for sentral aymara |
Rangering: | Ikkje blant dei 100 mest utbreidde språka |
Klassifisering: | Aru språk
Underfamilie |
Offisiell status | |
Skriftsystem: | Latinsk |
Offisielt språk i: | Bolivia og Peru |
Normert av: | - |
Språkkodar | |
ISO 639-1: ay | ISO 639-2: aym |
ISO 639-3: {{{iso3}}} | SIL: ayc aym, ayc |
Aymara (Aymar aru) er eit søramerikansk språk i aru-familien. Det er offisielt språk i Peru og Bolivia, har 300 000 talarar i Peru, 1,2 millionar i Bolivia og 50 000 i Chile.
Aymara er eitt av dei få indianarspråka i Amerika som har meir enn ein million talarar, dei andre er quechua, quichee og guaraní. Aymara vart snakka i inkariket, og før det i Aymara-kongedømma.
Innhaldsliste |
[endre] Grammatikk
[endre] Fonologi
Aymara har tre vokalfonem, /a, i, u/, to lengdegradar (lang, kort), og dei høge vokalane har midtre allofonar (/i/ -> [e], /u/ -> [o]) foran uvulare konsonantar, alt som er sagt om dette systemet gjeld forresten også for grønlandsk.
Aymara har labiale, alveolare, palatale, velare og uvulare lukkelydar, utan stemtheitsopposisjon, men med ein tre-vegsopposisjon mellom vanlege, glottaliserte og aspirerte konsonantar. I tillegg har aymara ein /r/, og alveolare og palatale nasalar og lateralar, og to halvvokalar /w/ og /j/.
Trykket ligg på nestsiste staving, men kan alternere som resultat av vokallengd.
[endre] Språkhistorie
[endre] Ytre språkhistorie
Dei eldste skriftlege dokumenta på aymara er omsetjinar av religiøse tekstar på den spanske kolonitida. Misjonærane laga også grammatikkar, men dei var gjort på grunnlag av spanske grammatiske mønster.
Aymara sin ortografi var lenge basert på spansk, med dårleg attgjeving av fonemopposisjonar som ikkje finst i spansk. I 1968 etablerte Juan de Dios Yapita, som har aymara som morsmål, ein ny ortografi. Denne ortografien gjennomgjekk mindre endringar i 1984 i ei rettskrivingsreform i Bolivia, den endra versjonen vart offisielt godteke i Peru i 1985.
[endre] Språkslektskap
Aymara er i slekt med Kawki og Jaquaru, som blir snakka av ganske få talarar i sentrale delar av Peru. Om aymara og quechua er i slekt eller ikkje er omstridd.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |