Åmot i Modum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Åmot er ein tettstad i Modum kommune i Buskerud fylke. Staden ligg ved Drammenselva og Randsfjordbanen, og Riksverg 35 går gjennom tettstaden. Statistisk sentralbyrå reknar Geithus og Åmot i Modum for ein tettstad då området mellom stadane er så tett busett at dei har vakse saman. I 2005 budde det til saman 5694 personar på Geithus og Åmot i Modum.
[endre] Kjelder
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |