Rasmus Ingebrigtsson på Myklebust
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus Ingebrigtsson på Myklebust, kalla Store-Rasmus (fødd ca. 1595 på Li i Ørskog, død ca. 1666), var ein «bondeopprørar» i Møre og Romsdal. Han var leiglending på garden Myklebust på Harøya (i noverande Sandøy kommune).
Rasmus heldt rekneskap med futar som tok for mykje skatt og klaga dei inn for Kongen. Etter fleire runder i retten, kor søksmåla gjekk både vegar, blei han 24. august 1661 dømt til livsvarig straffarbeid på Akershus slott for ulovlege allmugemøte, grunnlause klagemål og forakt for retten.
[endre] Kjelder
- Bjørn Jonson Dale: «Opphavet til Store-Rasmus» i Sunnmørsposten 14.9.1996
- K. J. Tennøe: Os-ætten i Vatne (med et tillæg om Ulvestad-ætten) (Aalesund 1928): s. 29
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |