Finn Kalvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Kalvik (fødd 30. april 1947).
Norsk visesongar som starta karriera si på slutten av sekstitalet. Han framførde eigne viser, sette tonar til dikt av mellom anna Inger Hagerup og André Bjerke, og omsetje utanlandske songar som Cat's in the Cradle av Harry Chapin (på norsk heitte songen Ride Ranke). I trioen "Det viser seg" samarbeida han med Øystein Sunde og Lillebjørn Nilsen.
Ved slutten av nittitalet opplevde Finn Kalvik å vera midtpunktet i fjernsynsprogrammet Åpen Post. Eit av dei faste innslaga deira heitte "Finn Kalvik-nyhetene" og blei av mange oppfatta som ein parodi på artisten sjølv. Dei ansvarlege for Åpen Post, derimot, meinte at det berre var uskyldig moro, og fekk etter kvart Finn Kalvik sjølv til å vera med på "nyheitene".