Alversund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alversund var tidlegare ein eigen heradskommune i Hordaland fylke som vart danna ved delinga av Hammer og Hosanger kommune i 1885, til den gjekk inn i Lindås kommune i 1964. Meland vart delt i frå og vart eigen heradskommune i 1923.
Kommunen låg i Nordhordland prosti. Størsteparten låg på fastlandet på Lindåshalvøya,og ein mindre del på Radøy. Før kommunesamanslåinga i 1964 grensa Alversund kommune i nord og aust til Lindås kommune, i sør til Meland kommune og vest til Sæbø kommune på Radøy.