Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Dødsstraff - Wikipedia

Dødsstraff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdskart over land med dødsstraff - blått: avskaffa; grønt: avskaffa i fredstid; oransje: ikkje avskaffa, men ikkje i bruk; raudt: i bruk
Forstørr
Verdskart over land med dødsstraff - blått: avskaffa; grønt: avskaffa i fredstid; oransje: ikkje avskaffa, men ikkje i bruk; raudt: i bruk
Giljotin, eit apparat for avretting ved halshogging
Forstørr
Giljotin, eit apparat for avretting ved halshogging

Dødsstraff er ein straffemetode der ein tek livet av ein person som straff for eitt eller fleire brotsverk.

Nesten alle samfunn har gjennom historia nytta dødsstraff. Dei vanlegaste brotsverka som har vore knytte til dødsstraff opp gjennom historien er drap, valdtekt og grov vald, men blasfemi og opposisjon til styremaktene er òg vorte straffa slik ei rekkje stader.

Drap har til alle tider vore knytt til dødsstraff. I bibelsk tid var dødsstraff ved steining vanleg ved brot på religiøse tabuar. I Noreg var landssvik i krigstid knytt til dødsstraff heilt fram til nyleg.

Innhaldsliste

[endre] Dødsstraff i Noreg

Noreg avskaffa dødsstraff fullstendig så seint som i 1979, men den siste avrettinga vart utførd i 1948. Sivil dødsstraff vart avskaffa ved den nye straffelova av 1902. I perioden 1842 fram til 1902 vart 40 personer dømde til døden, men berre ni av desse vart avretta. Kristoffer Nilsen Svartbækken Grindalen var den siste sivile som vart avretta i Noreg (i 1876). Den vanlegaste avrettingsmetoden på 1800-talet var halshogging.

Avrettingane på 1800-tallet var ofte offentlege, med eit stort publikum til stades. Ein prest var ofte med på avrettinga. Det var ikkje uvanleg at presten og den dømde ba «Fader vår» då den dømde vart halshøgd.

Etter andre verdskrigen vart 25 personer, mellom anna Vidkun Quisling, avretta i det såkalte landssvikoppgjeret. Den vanlege metoden for avrettingane var då skyting.

[endre] Dødsstraff i USA

38 av dei 50 delstatene i USA nyttar dødsstraff, i tillegg til dei føderale styremaktene. Kvar stat har eigne lover om dødsstraff. USA har alltid nytta dødsstraff, bortsett frå i ein periode mellom 1967 og 1976. 1 000 personer er vortne avretta sidan 1976 (pr. 2. desember 2005). Totalt sit det i dag 3 565 personar på dødscelle i USA.

Den mest nytta avrettingsmetoden i dag er giftsprøyta, som er tillaten i 37 av 38 delstatar. I Nebraska er berre den elektriske stolen tillaten. Tidlegare var henging meir vanleg.

[endre] Dødsstraff i verda

Dødsstraff er avskaffa i dei fleste europeiske landa, men vert enno nytta i mange utviklingsland og i USA. Dei fyrste landa som avskaffa dødsstraff i grunnlova, var Tyskland og Costa Rica, i 1949 (éin tysk delstat, Hessen, har formelt dødsstraff, men praktiserer ho ikkje).

Dei to siste avrettingane i Storbritannia fann stad (ved henging) i 1964, då det vart innført ein femårig prøvestans på dødsstraff. Prøvestansen vart gjort permanent i 1969. Fram til 1998 opna likevel lova for å idøma dødsstraff for høgforræderi i krigs- og fredstid. Etter det vart den siste fungerande galgen, som stod i Wandsworth-fengslet i London, demontert og fjerna.

I 1975 fann dei siste avrettingane i Spania stad (ved skyting), tre år før dødstraffa vart oppheva ved lov. Det siste landet i Vest-Europa som nytta dødsstraff var Frankrike, der giljotinen vart nytta siste gong i 1977, for så å verta avskaffa fire år seinare.

Ifølgje den årlege rapporten frå Amnesty International om dødsstraff vart det i 2004 utført 3 797 avrettingar i 25 land, 90 prosent av dei i Folkerepublikken Kina

Dei 12 landa som utførde flest avrettingar i 2004 var

Land Avrettingar Avrettingar per
100 millioner innbyggjarar
1 Folkerepublikken Kina 3 400+ 260
2 Iran 159+ 230
3 Vietnam 64+ 77
4 USA 59 20
5 Saudi-Arabia 33+ 130
6 Pakistan 15+ 9,4
7 Kuwait 9+ 400
8 Bangladesh 7+ 5
9 Egypt 6+ 7,9
10 Singapore 6+ 140
11 Jemen 6+ 30
12 Kviterussland 5+ 48

[endre] Metodar for avretting

Mennesker har funne opp ei rekke metodar for avretting gjennom tidene. Det har foregått ei utvikling av metodene. Eldre metoder er i stor grad basert på høg grad av smerte, gjerne over lang tid, mens metodane som vert brukt no i regel er raske, kliniske og mindre smertefulle. Steining er eit klart unnatak frå dette. Alle metodar for avretting kan føre med seg stor fysisk og psykisk smerte. Særleg elektrisk stol og giftsprøyte har ode fått hard kritikk i dei seinere åra.

[endre] Metodar for avretting i bruk i dag

[endre] Tidlegare metodar

[endre] Bakgrunnsstoff

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com