Vidkun Quisling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vidkun Abraham Lauritz Jonssøn Quisling (18. juli 1887–24. oktober 1945) var ein norsk politikar og offiser. Han prøvde å styra Noreg under den andre verdskrigen frå 9. april 1940 til 8. mai 1945. Maktstillinga hans var tufta på samarbeid med den tyske okkupasjonsmakta. Quisling var leiar eller "førar" for partiet Nasjonal Samling. Partiet vart skipa etter mønster av det tyske nazipartiet NSDAP.
Quisling var først på 1920-talet med Fridtjof Nansen i Russland for å utføre humanitært arbeid, då han snakka russisk. Seinare vart han forsvarsminister i ei Bondeparti-regjering.
Quisling er rekna for å vera den fyrste til å utføra eit kuppforsøk ved hjelp av radio. 9. april 1940 troppa han opp i Norsk rikskringkasting (NRK) og las opp eit skriv om at han danna ny regjering. Kong Haakon VII, stortinget og Johan Nygaardsvold si regjering hadde på grunn av det tyske åtaket flykta nordover mot Elverum. Regjeringa til Quisling hadde lite oppslutnad i folket. Etter fem dagar vart ho avsett og Josef Terboven vart innsett som tysk styrar.
I februar 1942 fekk Quisling tittelen ministerpresident. Han skipa ei regjering med folk frå Nasjonal Samling. I røynda var det tyskarane og deira Reichskommisar Terboven som sat med overordna makt.
Quisling vart dømd for landssvik og avretta ved skyting etter krigen.
Etter den andre verdenskrigen har ordet «quisling» blitt brukt likt med landssvikar i mange europeiske språk.
Maria Vasilijevna, Quisling si russiske kone, budde i Oslo fram til ho døydde i 1980. Dei hadde ingen born.
[endre] Litteratur
- Dahl, Hans Fredrik (1991): Quisling - En fører blir til. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-15632-0 / ISBN 82-574-0904-9
- Dahl, Hans Fredrik (1992): Quisling - En fører for fall. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-16960-0 / ISBN 82-574-0978-2
- Høidal, Oddvar (1988): Quisling. En studie i landssvik. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-00-18401-3
- Quisling, Vidkun (1987): Vidkun Quislings forsvarstale i lagmannsretten 1945. Oslo: Historisk Forlag. ISBN 82-90181-10-8
- Borgen, Per Otto (1999): Norges statsministre. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-22389-3