Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Stive - Wikipedia

Stive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stive er eit kompleks karbohydrat som er uløyseleg i vatn. Stive (til dømes maisstive, kveitestive og potetmjøl) vert nytta i matlaging slik at sausen tjuknar lettare. I industrien vert stive nytta til å produsere lim, papir og tekstilar.

Innhaldsliste

[endre] Biokjemi

Biokjemisk er stive ein kombinasjon av to polymeriske karbohydrat (polysakkaridar) kalla amylose og amylopektin, der monomerane er glukoseeiningar samanknytte hovud-mot-hale slik at dei formar alfa-1,4-lenkjer. Desse lineært kombinerte einingane utgjer amylose. Dei lineære molekyla lenkjer seg vidare saman i alfa-1,6-lenkjer slik at dei skapar greinliknande strukturar. Den forgreina eininga utgjer amylopektininnhaldet i stive. Strukturen til amylopektin er ikkje ei lineær polysakkaridlenkje, ettersom to glukoseeiningar ofte lagar forgreiningar.

Strukturelt formar stive klynger med lineære polymerlenkjer, der alfa-1,4-lenkja lenkjer skaper kolonnar med glukoseeiningar, som forgreinar seg regelmessig i alfa-1,6-lenkjer. Det relative innhaldet av amylose og amylopektin varierer mellom artane, og mellom ulike kultiveringar av same art. Til dømes inneheld høgamylosemais 85 % amylose, den lineære komponenten i stive, medan voksmais inneheld meir enn 99 % amylopektin, eller forgreina stive.

Hovudfunksjonen åt stive i planter og dyr, der det vert kalla glykogen, er å vere eit energilagringsmolekyl for organismen. I planter vert enkle sukker lenkja saman i stivemolekyl av spesialiserte cellulære organ kalla amyloplastar.

Stive er uløyseleg i vatn. Dei kan meltast gjennom hydrolyse og katalysert av ensym kalla amylaser, noko som kan øydeleggje alfalenkjene til stivemolekylet. Menneske og andre dyr har amylaser, slik at dei kan melte stive. Melting av stive inneber å dele stivemolekyla inn i dei enkle sukkereiningane som dei opphavleg er bygde opp av gjennom amylaser. Sukkeret vert deretter melta i kroppen på same viset som anna sukker i maten, som ikkje er stive.

[endre] Stive som mat

Stive vert ofte funne i frukt, frø, og rotknollar. Dei fire hovudkjeldene til stiveproduksjon og -konsumering i den vestlege verda er mais, poteter, ris og kveite. Pasta er ei viktig ernæringskjelde for stive som vanlegvis er laga av kveite, ris eller bønner. Brød er ei anna viktig kjelde for stive som òg ofte vert laga av kveite.

Tapioka, johannesbrødtre-frø, pilrot og klyngeønner er òg vanlege tillegg i matlaging.

Mykje brukt stive rundt omkring i verda er kvitrot, bokkveite, banan, bygg, maniok, konjakrot, kudzu, oka, sago, sorghum, søtpotet, taro og jam. Etande bønner som fava, linser og erter er òg rike på stive.

Når stive vert nytta i dietten, vert han vanlegvis kokt eller preparert med ingrediensar som sitron, tomat, eddik, sterk pepper, lauk eller kvitlauk for å endre den karakteristiske 'stivheita'. Eit døme på dette er bruken av ketsjup eller eddik til friterte poteter.

Når stive er kokt på førehand kan han brukast til å tjukne nedkjølt mat. Dette vert gjerne omtala som modifisert matstive på pakken. Agarose, carragen, gelatin og pektin vert som oftast nytta på same måten.

[endre] Hushaldning

Klesstive er eit fluid som er ordna ved å mikse vegetabilsk stive i vatn (tidlegare blandingar måtte kokast òg), og kan nyttast i samband med klesvasken. I det 19. århundre og tidleg i det 20., var det sett på som stilfullt å stive kragar og ermar på mennene sine skjorter og på rysjane til kvinnene sine underskjørt ved å ha på stive på nyvaska kle medan dei vart strokne.

I tillegg til at det ga glatte, skarpe kantar på klea, hadde det ei praktisk nytte òg. Skitt og sveitte frå ein person sin nakke og armar festa seg i stiven istaden for i klesfibra, og dette gjorde det lettare å vaske skitten vekk. Deretter måtte ein ha på stiven på nytt etter vaskinga.

Potetmjøl utrørt i vatn har vore vanleg å bruke i Noreg når ein skulle stive klede. I dag finnest det spesiallaga strykestivepreparat i handelen, også ferdig blanda på sprayboks, men potetmjøl gjer same nytten.

[endre] Husdyr

Animalsk stive er best kjent under namnet glykogen og er ikkje det same som vanleg stive.

[endre] Testar

Ei løysing med stive kan nyttast til å teste for grunnstoffet jod. Sterk blå farge indikerar at løysinga inneheld jod. Ein kjenner ikkje til alle detaljane rundt denne reaksjonen, men ein trur at jod (I3- og I5- ionar) passar inn i kveilane til amylose, slik at ladning vert overførd mellom jod og stive, og opningar i energinivået resulterar i kompleks som korresponderar med absorbsjonspektrumet i regionen åt synleg lys. Ei 0,4% w/w løysing er standardkonsentrasjonen for ei utvatna stiveindikasjonsløysing. Den vert laga ved å ha 4 gram med løyseleg stive i 1 liter oppvarma vatn. Deretter må løysinga kjølast ned før den kan nyttast (stive-jod-kompleks vert ustabile i temperaturar over 35°C). Dette komplekset vert ofta nytta i redokstitreringar; saman med ein oksiderande agent vert løysinga blå, medan ein reduserande agent vil fjerne blåfargen grunna I5--ion som vert til jod og jodidar.

Når ein ser på stivekorn i mikroskopet, har dei ein gjenkjenneleg maltesisk kors-effekt under polarisert lys.

[endre] Lenkjer ut

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com