Plutomånen Charon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppdaging | |
---|---|
Oppdagar | James W. Christy |
Oppdaga dato | 22. juni 1978 |
Baneparametrar | |
Store halvakse | 19 405 km |
Eksentrisitet | 0,0 |
Omløpsperiode | 6 d 9 t 18 min |
Banehelling | 99,089 ° |
Er ein satellitt til | Pluto |
Fysiske eigenskapar | |
Middeldiameter | 1186 km |
Masse | 1,90·1021 kg |
Middeltettleik | 2,24 g/cm3 |
Overflategravitasjon | 0,368 m/s2 |
Rotasjonsperiode | 6 d 9 t 18 min (bunden) |
Aksehelling | ukjend |
Albedo | 0,37 |
Atmosfære | ingen |
Charon er den einaste månen til planeten Pluto. Medan Pluto er dekka av frosen nitrogen, trur ein månen er dekka av vanleg is, av vatn.
Månen går rundt morplaneten på eitt plutodøger, som tar 6,387 av våre døger. Dei to objekta er i bunden rotasjon med kvarandre, slik at dei alltid har den same sida vendt mot kvarandre.
Han har ein diameter på 1.172 km, såvidt halvparten av storleiken til Pluto. Massen er 1/7 av den til morplaneten. På grunn av den vesle forskjellen mellom dei to, kallar mange astronomar dei ein dobbelplanet heller enn ein planet og ein måne.
Charon er kalla opp etter ferjemannen Karon, som frakta folk til Hades eller Pluto sitt dødsrike i gresk og romersk mytologi. Ein uttalar gjerne namnet med ein mjuk sj-lyd heller enn ein k-lyd. Dette er fordi kona til oppdagaren James Christy heitte Sharon.
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |