4. februar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
4. februar er den 35. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 330 dagar att av året (331 under skotår).
Innhaldsliste |
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale ikkje-religiøse flaggdagar
Sjølvstendedag på Sri Lanka |
[endre] Fast religiøs helgedag
- (Helgedagar som følgjer måneåret i kristendommen (t.d. påske og pinse), jødedommen og islam er ikkje medtekne her, ettersom desse fell på ulik gregoriansk dato frå år til år.)
[endre] Primstaven
[endre] Namnedag
Noreg | Vera og Veronica |
Sverige | Ansgar og Anselm |
Danmark | Veronica |
[endre] Helgendag i den katolske kyrkja
- Johannes de Britto
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 1789: George Washington blei einstemmig vald som første president av USA-
- 1792: George Washington blei einstemmig vald til sin andre periode som amerikansk president.
- 1794: Frankrike forbaud all form for slaveri på fransk jord.
- 1899: Utbrotet av den filippinsk-amerikanske krigen.
- 1915: Første verdskrigen: Tyskland etablerte ein ubåtblokkade rundt Storbritannia og erklærte alle fartøy som moglege krigsmål.
- 1932: Opninga av vinter-OL 1932 i Lake Placid i New York.
- 1936: Radium E. blei det første radioaktive stoffet som blei fremstilt syntetisk.
- 1945: Andre verdskrigen: Statsleiarane Franklin D. Roosevelt, Winston Churchill og Josef Stalin opna Jaltakonferansen.
- 1948: Ceylon, seinare døypt om til Sri Lanka, fekk sjølvstende innanfor Det britiske samveldet.
- 1969: Yassir Arafat tir over som formann for PLO.
- 1976: Guatemala og Honduras blei ramma av jordskjelv. Fleire enn 22 000 menneske døydde.
- Opninga av Vinter-OL 1976 i Innsbruck i Austerrike.
- 1980: Ayatollah Ruhollah Khomeini utnemnde Abolhassan Banisadr til president i Iran.
- 1998: Eit jordskjelv (6,1 på Richters skala) ramma nordaust-Afghanistan. Over 5 000 menneske døydde.
- 1999: Hugo Chávez Frías blei vald til president i Venezuela.
- 2003: Den føderale jugoslaviske republikken endra offisielt namn til Serbia og Montenegro og tok i bruk ein ny grunnlov.
[endre] Noreg
[endre] Fødde
- 1842: Arrigo Boito, italiensk diktar og komponist
- 1881: Fernand Léger, fransk målar
- 1897: Ludwig Erhard, tysk kanslar
- 1902: Charles Lindbergh, amerikansk flygar
- 1913: Rosa Parks, amerikansk menneskerettsforkjempar
- 1917: Yahya Khan, pakistansk president
- 1921: Betty Friedan, amerikansk feminist
- 1947: Dan Quayle, amerikansk visepresident
- 1948: Alice Cooper, amerikansk musikar
- 1958: Kjell Ola Dahl, norsk forfattar
- 1975: Natalie Imbruglia, australsk musikar
[endre] Døde
- 211: Septimius Severus, romersk keisar
- 708: Pave Sisinnius
- 1781: Josef Myslivecek, tsjekkisk komponist
- 1894: Adolphe Sax, belgisk instrumentmakar, oppfinnar av saksofonen