Ideologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ideologi er ei samling idéar om samfunnet som heng saman slik at dei tilsaman utgjer ei tankeretning, ein bestemt måte å sjå ting på, eit samfunnssyn. Desse samfunnssyna vil ofte henge saman med ulike menneskesyn.
Dei viktigaste ideologiane i moderne politisk idehistorie oppstod i tida etter den store franske revolusjonen. I løpet av 1800-talet kom liberalismen, konservatismen og sosialismen, i løpet av 1900-talet fascismen og kommunismen. Nazismen er ei undergruppe av fascismen, med svært stor vekt på eit biologisk-kulturelt samfunnssyn, det vil seie rasisme.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |