Demokratisk sosialisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demokratisk sosialisme er ei nemning som er bruka av sosialistar som vil understreke avstandstaking frå den totalitære tradisjonen i kommunismen, særleg stalinismen.
Demokratisk sosialisme har historisk ofte vore synonymt med sosialdemokrati, men det finst også ein anti-stalinistisk tradisjon blant meir radikale og revolusjonære sosialistar, og nemninga blir somtid bruka av slike au. Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom er revolusjonære organisasjonar som brukar dette omgrepet i dag.
I våre dagar er det blitt vanleg å rekne demokratisk sosialisme som noko anna og meir radikalt enn dei tradisjonelle sosialdemokratiske partia, som synonymt med venstresosialisme.