Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Neville Chamberlain - Wikipedia

Neville Chamberlain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Neville Chamberlain
Forstørr
Neville Chamberlain

Arthur Neville Chamberlain (fødd 18. mars 1869, død 9. november 1940) var ein britisk politikar (Det konservative parti) og statsminister i Storbritannia frå 1937 til 1940

Innhaldsliste

[endre] Barndom

Neville Chamberlain var eldste son av Joseph Chamberlain, den dåverande borgarmeisteren i Birmingham. Mora døydde då Neville var seks år gammal. Han vaks opp med eit kjøleg tilhøve til faren, men vart desto meir knytta til søskena, særleg systrene Ida og Hilda.

Chamberlain var elev ved den prestisjefulle Rugby School, ein av dei mest kjende «public schools» i Storbritannia. Her utviklet han ei livslang interesse for botanikk og ornitologi.

Etter skulen byrja Chamberlain på Universitetet i Birmingham. Dette gjer han til ein av to britiske statsministrar som ikkje har gått på University of Cambridge eller University of Oxford. Ved universitetet studerte han naturvitskaplege fag, spesielt metallurgi.

[endre] Tidleg politisk karriere

I 1911 gjkk Chamberlain inn i politikken. I 1915 vart han borgarmeister i Birmingham, akkurat som far sin. Som borgarmeister fekk han mellom anna grunnlagt ein kommunal bank og eit symfoniorkester i byen. Dette gjorde han populær, og han vart attvald ved det neste valet i 1916.

Chamberlain vart likevel ikkje sitjande lenge i den andre perioden sin. I desember 1916 fekk han stillingen som Director of National Service av den nye statsministeren David Lloyd George. Her fekk Chamberlain det overordna ansvaret for å koordinera utskrivinga av vernepliktige, slik at krigsnødvendig industri ikkje skulle verta tappa for kompetent arbeidskraft.

Alt i 1917 trekte Chamberlain seg frå denne posten på grunn av manglande resultat og samarbeidsproblem med Lloyd George. Dette førte til at Chamberlain og Lloyd George utvikla ein gjensidig motvilje for kvarandre, noko som skulle vara livet ut.

Ved valet i 1918 bestemte Chamberlain seg for å stilla som kandidat til underhuset i det britiske parlamentet. Samstundes fekk han eit tilbod om ein stilling i helsedepartementet, men på grunn av konflikten med Lloyd George avslo Chamberlain dette, og tok heller opp plassen han vann i parlamentet.

Etter at Lloyd George gjekk av i 1922 vart Chamberlain utnemnd til Postmaster General av den nye statsministeren, Andrew Bonar Law. I 1923 fekk Chamberlain sete i regjeringa som helseminister. Som helseminister var han mest oppteken av å betra butilhøva i slummane i dei store byane, og han introduserte fleire lovar som betra rettane til fattige leigetakarar.

Etter at Stanley Baldwin vart ny statminister, fekk Chamberlain den viktige posten som finansminister. Denne regjeringa varte berre åtte månader, i januar 1924 måtte ho gå av, og Chamberlain gjekk derfor attende til parlamentet.

Ved valet i 1924 vart Chamberlain attvald med knapp margin; han fekk berre 77 fleire røyster enn motkandidaten, Labourkandidaten Oswald Mosley. I løpet av denne perioden markerte han seg med heile 15 lovforslag, mange av dei var av den radikale sorten. Chamberlain var mellom anna sentral i oppbyggninga av den britiske velferdsstaten.

Etter å ha bytta valkrets før valet i 1929, vart Chamberlain lett attvald til parlamentet. Året etter vart han også leiar i det konservative partiet, men etter berre eit år med Chamberlain ved roret tok, noko overraskande, Stanley Baldwin leiarskapen attende. Baldwin og Chamberlain samarbeida godt, men likevel sleit den britiske høgresida tungt desse åra. Mellom anna vart det dannet eit nytt høgreorientert parti under leiding av Lord Beaverbrook.

Etter at Labourregjeringen trekte seg i 1931 og ei ny samlingsregjering vart danna av sosialisten Ramsay MacDonald, fekk Chamberlain attende posten som helseminister. Samme år gjekk han også over til stillingen som finansminister. I 1932 heldt samlingsregjeringa på å gå i oppløysning på grunn av Chamberlain sitt framlegg om auka tollmurar, men framlegget gjekk likevel igjennom og regjeringa vart sitjande.

I åra fram mot 1937 var Chamberlain kontroversiell, og både Labour og høgresida i hans eige parti gjekk til åtak på han. Medan sosialdemokratene kalla han krigshissar, kritiserte Winston Churchill han for å vera påhalden med forsvarsbudsjettet.

[endre] Chamberlain vert statminister

Etter at Georg VI vart ny konge og Baldwin gjekk av tidleg i 1937, vart Chamberlain beden om å overta leiinga av regjeringa. Den 28. mai byrja han i stillingen som statsminister, og eit par dagar etterpå vart han på nytt leiar av det konservative partiet.

[endre] Innanrikspolitikk

Som statsminister førte Chamberlain ein aktiv sosialpolitikk. I 1937 la han fram Factory Act, som gav arbeidarar utvida rettar og sette nye grenser for maksimal arbeidstid. Med Housing Act i 1938 ønska Chamberlain å rydda opp i overfolka slumstrøk og å laga reglar for maksimal husleige i rimelege bustadar. I 1938 kom òg Holidays with Pay Act, som gav elleve millionar arbeidarar rett til ferie med løn.

Som statsminister krevde Chamberlain at alle departement skulle leggja fram langsiktige politiske toårsplanar, og han deltok også sjølv aktivt i utforminga av desse.

Då Chamberlain kom til makta hadde tilhøvet mellom Storbritannia og Den Irske Fristat vore kjøleg i mange år. Under leiing av president Eamon de Valera ønskte irane å bryta banda til Storbritannia, og den 29. desember 1937 vart ei ny irsk forfatning innført. Fristaten vart då til Republikken Irland

Samstundes krevde irane at også dei nordlegaste områda av øya Irland, Nord-Irland, skulle overførast til den nye republikken. Chamberlain var ikkje avvisande til dette, og i januar 1938 vart det innleia tingingar. Motstand frå mange nordirar gjorde at dette ikkje kunne gjennomførast, og resultatet av tingingane vart til slutt ei handelsavtale.

Regjeringa Chamberlain opna også for auka innvandring av jødar til Palestina i 1939. Regjeringa gjekk inn for å tillata ei kvote på 75 000 jødiske innvandrarar i året. Dette framlegget vekte stor forarging i mange miljø, og sjølv om framlegget vart vedteke, gjekk ein bort frå desse planane då det vart regjeringsskifte året etter.

[endre] Utanrikspolitikk

Den første store utanrikspolitiske krisa kom i 1938 då Tyskland innlemma Østerrike i Det tredje riket. Chamberlain stod passivt og såg på ekspansjonen til Hitler, etter å ha komme fram til at det var lite Storbritannia kunne gjera for å stogga nasjonalsosialistane.

Neste krise kom då Tsjekkoslovakia vart sett under press av Hitler seinare samme året. Tyskland krevde at Sudetenland, eit område i Tsjekkoslovakia, der ein majoritet av var etniske tyskarar, skulle verta ein del av Tyskland.

I september 1938 gjorde Chamberlain saman med Frankrike sin statminister Edouard Daladier og Italia sin førar Benito Mussolini ein avtale med Hitler. Med den såkalla Münchenavtalen, ein avtale tsjekkoslovakarane sjølve ikkje fikk ta del i utforminga av, gjekk den franske og britiske regjeringa med på at Sudetenland skulle overførast til Tyskland. Med denne avtalen vona Chamberlain å unngå ein ny krig med Tyskland.

Etter at Hitler i 1939 gjekk attende på avtalen om at han no var nøgd med dei nye grensene og hadde overteke også Böhmen og Mähren, endra Chamberlain politikken sin overfor Tyskland. No gav Chamberlain konkrete garantiar til Polen, og lova å forsvara landet i tilfelle eit tysk åtak.

[endre] Den andre verdskrigen

Den 1. september 1939 invaderte Tyskland Polen. Chamberlain var framleis noko uviljug til å gå til krig mot Tyskland, og ville ha ein klar avtale med Frankrike først. Han gav i utgangspunktet Tyskland eit ultimatum; om Tyskland stansa invasjonen og drog attende styrkane sine innan to dagar, kunne Storbritannia ta på seg oppgåva som fredsmeklar mellom Tyskland og Polen. Denne strategien førte til massiv kritikk mot Chamberlain frå hans eige parlament, og etter å ha konsultert Frankrike erklærte Storbritannia krig mot Tyskland den 3. september.

Chamberlain freista no å utvida regjeringa på grunn av krigen, men både Labour og det liberale partiet avslo å delta. Det vart istaden gjort ei omrokkering i den sitjande regjeringa, mellom anna vart Winston Churchill teken med. Churchill vart gjort til marineminister, og vart medlem i eit seks mann stort krigskabinett.

Dei første månadane var det ingen aktivitet på vestfronten. Finland vart invadert av Sovjetunionen den 30. november, men krigen med Tyskland hindra Chamberlain i å gripa inn på finnane si side.

Noreg vart invadert av Tyskland 9. april 1940, sende Storbritannia miltære styrkar til Noreg for å delta i forsvaret av landet. Dene operasjonen hadde ingen framgang, og dei britiske styrkane vart snart dregne ut. Dette førte til eit sterkt press på Chamberlain, som i ein freistnad på å blidgjera motstandarane sine gjekk inn for å gjera nye omrokkeringar i regjeringa.

Det vart snart klårt at dette ikkje var nok, og Chamberlain ønskte så å danna ei samlingsregjering med Labour. Da Labour-leiaren Clement Attlee ikkje ville delta i ei slik regjering, stilte Chamberlain spørsmålet om dei ville delta i ei samlingsregjering med ein annan leiar.

Då Tyskland dagen etter invaderte Frankrike, Belgia og Nederland, vurderte Chamberlain å verta sitjande ved makta til krisa var over, men etter eit møte i krigskabinettet kom ein fram til at tida no var inne for ei samlingsregjering. Då Labour samstundes gav beskjed om at dei ville delta i ei regjering under ein annan statsminister, leverte Chamberlain avskjedssøknaden sin den 10. mai. Det vart så danna ei ny regjering under Winston Churchill.

Chamberlain heldt fram i stillingen som leiar i det konservative partiet. Det var òg på tanken å gjera han til finansminister og leiar i underhuset, men på grunn av motstand frå dei andre partia vart han i staden gjort til Lord President of the Council.

Utover sumaren gjekk det snøgt nedover med helsa til Chamberlain. I juli vart han operert for kreft i magesekken. I september gjorde sjukdommen at han måtte trekkja seg frå alle verv, og den 9. november 1940 døydde han, 71 år gammal.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com